Våre lagspelarar 
 
 
  
 
  
 

Populær Action Camp på Flo Aktiv
Vår nye aktivitet på Flo Aktivitetsveke - Action Camp med Leirskulen - er blitt så populær at vi no dessverre må seie stopp for fleire deltakarar på denne aktiviteten i år.
 
Aktivitetane til Action Campen foregår ute i friluft, og for at alle deltakarane skal få ein best mogleg opplevelse har vi bestemt oss for at vi må setje ei grense for antall deltakarar. 
 
Aktivitetsveka har mange andre spennande aktivitetar og vi oppfordrar til å melde seg på ein av desse.
 
Vi vil i komande veke legge ut litt meir om aktivitetsplanen til Action Campen, så følg med på Heimesida og Facebook!
 
Litt om ledarane for Action Campen:

Øystein Hesjedal:
Ein 34 år gamal gla`gut og trebarnsfar frå Frekhaug, utanfor Bergen, bachelorgrad i fysisk aktivitet og helse, grunnfag samfunnsfag og praktisk pedagogisk utdanning. Øystein har jobba som idrettslærar dei siste åtte åra og flyttar til Stryn sommaren 2015. Han elskar alle slags aktivitetar og må kunne reknast som veldig allsidig. Han har tidlegere spelt fotball for Sogndal i eliteserien. Øystein brenn for å skape gode opplevingar med andre og er alltid den som sørgjer for at folk rundt seg har det bra.


Einar Dons Brath:
Ein aktiv tobarnsfar som gjennom studietida fekk med seg ein bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse, i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning og mellomfag i samfunnsfag. Dei siste åtte åra har han jobba med born og unge i grunnskulen og innanfor idretten. Einar er ein mann som alltid sprer glede rundt seg, og som naturleg tiltrekk seg borns interesse.
 
Øystein og Einar vil bli med i Strynehallen på innsjekkingsdagen slik at deltakarar og foreldre kan bli kjent med dei då.

Nyheter
Flere nyheter