Våre lagspelarar
|
Arbeidet med Flo Aktiv 2016 er godt i gang! Det er snart klart for påmelding til Flo Aktivitetsveke 2016! Vi har fått på plass ein ny og utvida organisasjon som er godt i gang med planlegginga, og vi lovar ei super veke også i år! På biletet ser de nokon av dei som jobber med Flo Aktiv! Frå venstre: Kjell Anders Waage Pettersen, Bente Frøholm, Siv Otterdal Bøe, Maria Storevik, John Os og Eva Sefland Flo Aktiv vert arrangert 20.-25.juni (veke 25), og vi vil opne for påmelding i løpet av komande veke (veke 10). Vi vil kome med informasjon fortløpande på heimesida og facebook så her er det berre å følge med. Allereie no kan vi røpe at Coerver Coaching blir med oss i år også med ansvar for fotball-delen av Flo Aktiv.
|