
Våre lagspelarar
|
 |
|
For dei som ynskjer å få ei god og skikkeleg handballoppleving med dyktige instruktørar vil handballskulen på Flo Aktiv vere den rette aktiviteten i sommar. Rammene rundt årets program er spikra og ein vil gjennom veka ha fokus på:
|
Leik med ball, individuelle ferdigheiter, handballfysikk, forsvarsspel, skottrening, angrepsspel, fintetrening, oppspel av ving, innspel til strek og sperre.
|
Keeperskule - handball
Nytt av året i år er at ein ønskjer å setje fokus på handballkeeperane våre. Fredag under aktivitetsveka er sett av til eigen keeperskule. Då vil Oddbjørn Håvik saman med det øvrige instruktørkorpset dele sine erfaringar som keeper, samt gjennomføre 2 effektive treningsøkter. Den Ungarske landslagspelaren Vita Mukhina, som no spelar for 1. divisjonsklubben Jotun vil vere gjesteinstruktør hos oss 1 – 2 dagar.
Passar for spelarar på alle nivå
Programmet for handballskulen er lagt opp slik at det kan tilpassast nivået til dei utøvarane som melder seg på. Ein vil dele inn aktiviteten etter meistringsnivå. Det vil vere mange instruktørar i sving og borna som melder seg på vil bli delt i grupper som er tilpassa seg. Etter endt treningsveke vil det bli arrangert handballturnering laurdag.
Handballskulen på Flo Aktiv vil passe for deg som ønskjer å bli kjend med ein ny idrett samt for deg som ønskjer å satse og ha handball som hovudidrett. Vi vil sørgje for å nivået i treningsøktene er tilpassa ditt nivå.
Topp trenarkorps
Saman med Knut Ole Myrberg vil Oddny Grete Njøten ha det sportslege ansvaret for Handballskulen under årets Aktivitetsveke. Ho er ei av dei mest profilerte spelarane til Stryn og har spela for i Fåberg (1.div), Refstad/Veitvet (eliteserien og 1.div) og IF 92 (Danmarksserien).
Knut Ole har vore med som trenar på Flo Aktivitetsveke sidan 2005. Knut Ole er autorisert trener 3 i handball, og trenar i år herrelaget til Tjøme og er leder for G-16 laget til Nøtterøy.
Desse to har med seg den tidlegare proffen og landslagsspelaren for Ungarn Vita Mukhina, som i dag spelar for Jotun, stryningen Oddbjørn Håvik som keeperinstruktør og dametrenar for Stryn Gunnar Sigurdsson.
|