
Våre lagspelarar
|
Turn- og friidrettsgruppene i Stryn blomstrar som aldri før. Flo Aktivitetsveke kan med glede meddele at ein under veka i 2012 kan velgje Turn/Friidrett som eigen aktivitet! Turn og Friidrett inneheld det meste av basisferdigheitene ein treng i all motorisk utvikling. Dessutan er idrettane og aktivitetane i seg sjølve både artige, allsidige, populære og spennande. Dei passar soleis midt i smørauget til parolen for aktivitetsveka: Allsidigheit, vennskap og gode haldningar. Vi ynskjer turn- og friidrettsgruppa hjarteleg velkomne med på laget!
I tillegg til å vere ein eigen aktivitet under veka, vil dei som vel fotball få sjansen til å prøve seg i turn/friidrett. Slik får også fleire nytte av nødvendige basisferdigheiter!
|
|