Våre lagspelarar 
 
 
  
 
  
 
kVA ER FLO AKTIV?

Kort historie:
 
1998 fikk nokre stryningar ideen om Flo Aktiv. På denne tida var våre lokale fotballheltar for internasjonale stjerner å rekne. Bakgrunnen for danninga av selskapet var å dra nytte av Flo namnet for å skape aktivitet og synergi mellom reiselivsaktiviteter og idretten i Stryn, med våre suksessrike idrettsutøvarar i spissen. Det starta som fotballskule, men har utvikla seg til også å femne om handball, friidrett, turn, drama og dans. Flo Aktiv er no sitt 16.driftsår og veka er overteken av Stryn Fotball.
 
Visjon:

Allsidigheitsprinsippet er viktig for Flo Aktiv, og vi ynskjer å vere ein arena der borna får dyrke si interesse samt bli eksponert for nye aktivitetar. Vi ynskjer å bruke naturen og dei gode rammevilkåra vi har i Stryn til å gje born aktive opplevingar med nye utfordringar i trygge omgjevnadar.

Målsetjing:


Flo Aktiv ynskjer å vere ein bidragsyter for positiv utvikling i barne- og ungdomsaktivtetar i Stryn Kommune. Flo Aktiv har gjennom 16 år tilbakeført ca 1 000 000 til dette arbeidet. Vi har støtta blant anna orinteringskart, ballbingar, sommerski, golf, crossbane, musikkanlegg til ungdomslaget, Stryn Turn & Idrettslag etc 

Målgruppe:


Born og unge i alderen 7-14 år, ca 400 deltar kvart år.

Organisering

Flo Aktiv er eit” ildsjel prosjekt”, mange dugnadstimar har gjennom åra blitt brukt for å skape gode vilkår for born - og ungdom.  Flo Aktiv  leiger inn kompetanse etter behov på aktivitetar og vi bruker lokale/regionlae aktørar. Det er Stryn Fotball som har overteke Flo Aktivitetsveke. Vi har også ein fantastisk gjeng som år etter år stiller opp som instruktørar og fadder, og som bidreg med kvalitet, erfaring og kompentanse til organisasjonen vår.
 
Nyheter
Flere nyheter