Våre lagspelarar 
 
 
  
 
  
 
informasjon om flo aktivitetsveke
            
Du har følgjande alternativ for påmelding til Flo Aktivitetsveke: Fotball, turn, friidrett, action camp, scenekunst eller dans.
Ein vel den hovudaktiviteten ein ønskjer å delta mest på. Alle dagar av aktivitetsveka vert brukt til hovudaktivitet. I tillegg får alle deltakarane delta på mange andre spennande aktivitetstilbod gjennom veka. 
 
Fotballaktivitetane vil foregå i områda på og rundt Stryn stadion, og ein blir inndelt i grupper etter alder. 
Turnvil forgå i Strynehallen 
 
Friidrett vil vere på det nye friidrettsanlegget på Stryn Stadion.
 
Action Camp vil foregå ute i naturen, med Nordfjord Friluftsenter som base. Borna møter opp på Stryn Stadion om morgonen og vert køyrt tilbake dit om ettermiddagen.

Scenekunst
vil føregå i Stryn kulturhus. Det vil bli brukt litt meir tid på denne hovedaktiviteten samanlikna med t.d fotball og friidrett pga at det blir ein del som skal øvast inn. Ein legg opp til ei framsyning fredag kveld i kulturhuset, for dei andre på aktivitetsveka, familie og vener.
 
Dans vil føregå i Stryn Kulturhus. Det er vil bli brukt litt meir tid på denne hovedaktiviteten samanlikna med t.d fotball og friidrett pga at det blir ein del som skal øvast inn. Ein legg opp til ei framsyning fredag kveld i kulturhuset, for dei andre på aktivitetsveka, familie og vener.

Tryggleik for borna
For dei fleste i desse aldersgruppene vil det vere både spanande og morosamt å vere med, men det kan òg vere litt småskummelt at mor og far kanskje ikkje er til stades!? 
Vi har etterkvart fått ein del erfaring og difor jobbar vi bevisst for at borna skal ha det trygt og godt medan dei er på aktivitetsveka, med spesielt fokus på dei aller minste. 
Det kan vere veldig stor forskjell på borna innan dei ulike alderstrinna, nokon er verdsvante og greier det meste, andre er usikre og beskjedne. Difor overlet vi til dykk som foreldre å avgjere kva borna greier/ikkje greier. Spesielt i dei yngste aldersklassene (7-10 år) må minimum ein som barnet kjenner godt bu/vere i omgjevnadene. Nødvendigvis ikkje fysisk tilstades på aktivitetsarenaen, men dersom vi ser det er behov kan vi få tak i deg rimelig raskt. 
 
Opningsdagen (måndag ettermiddag) startar med innregistrering i Strynehallen, og heile/deler av utstyrspakken blir utlevert. PS!! I denne innregistreringsperioden kan det verte litt ventetid fram til den offisielle opninga. Husk difor mat og drikke!! 
Deltakarane får utlevert ein programoversikt. 
Etter den offisielle opninga vil deltakarane verte delt inn i grupper. Fadderane vil ta med si gruppe for deretter å presentere seg nærare, dobbelsjekke at alle er med og at innregistreringa har gått greitt. Dei skal også informere om praktiske ting og svare på eventuelle spørsmål. Eventuelle avvik i tal deltakarar vil verte sjekka umiddelbart. 
 
Deretter er opningsdagen slutt.
Vel møtt til ein spanande dag 2, sjå utlevert program! 
 
Når det gjeld fadderordninga vil ein eller fleire ha ansvar for ei gruppe, det vil vere fadder(ar) dagtid. Kvar morgon vil dagfadder(ar) foreta namneopprop, avvik vil bli sjekka umiddelbart. 
NB!! Vert nokon sjuke eller av andre grunnar ikkje kan møte opp/vere med lenger, må beskjed bli gjeve til eigen fadder eller andre ansvarlege!! 
Er det noko vi bør vite om barnet ditt, informer deltakaradministrasjonen om dette på eigen e-post: . 
Ansvarleg fadder vil verte orientert om dette.
 
Overnatting deltakarar 
Alle deltakarar som ønskjer overnatting vert innkvartert hos vertsfamilie. Overnatting gjeld frå måndag til laurdag. 
Vi prøver så godt det let seg gjere å innrette soveplassane slik at lag, fleire kjente vert liggjande i lag.  
 
Overnatting ikkje deltakarar (føresette)
Flo Aktiv er behjelpelige med organisering av opphaldet ditt i Stryn. Denne veka er ei flott moglegheit å kombinere med ferie for heile familien. Ta kontakt med oss for forslag til overnatting, aktivitetar og transport.  
 
 
For generell turistinformasjon i Nordfjord ta kontakt med Reisemål Stryn & Nordfjord: tlf 57 87 40 40. 
Eller book online på http://www.nordfjord.no/ evt e-post: t-info@nordfjord.no 
 
Nyheter
Flere nyheter