Våre lagspelarar 
 
 
  
 
  
 

informasjon om flo aktivitetsveke

Du har følgjande alternativ for påmelding til Flo Aktivitetsveke: Fotball, Byggemoro, Scenekunst og Dans.
 
Ein vel den hovudaktiviteten ein ønskjer å delta på. Den yngste fotballgruppa vil i tillegg til hovudaktiviteten fotball, også få delta på ulike andre spennande aktivitetar i løpet av veka. Dei andre gruppene vil drive med hovudaktiviteten sin alle dagane. 

Fotballaktivitetane vil foregå i områda på og rundt Stryn stadion, og ein blir inndelt i grupper etter alder. 

Byggemoro vil foregå på området rundt Stryn Stadion.

Scenekunst vil føregå i Stryn kulturhus. Ein legg opp til ei framsyning fredag kveld i kulturhuset, for dei andre på aktivitetsveka, familie og vener.

Dans  vil føregå i Stryn kulturhus. Ein legg opp til ei framsyning fredag kveld i kulturhuset, for dei andre på aktivitetsveka, familie og vener. 


Tryggleik for borna

For dei fleste i desse aldersgruppene vil det vere både spanande og morosamt å vere med, men det kan òg vere litt småskummelt at mor og far kanskje ikkje er til stades? 

Vi har etterkvart fått ein del erfaring og difor jobbar vi bevisst for at borna skal ha det trygt og godt medan dei er på aktivitetsveka, med spesielt fokus på dei aller minste. 

Det kan vere veldig stor forskjell på borna innan dei ulike alderstrinna, nokon er verdsvante og greier det meste, andre er usikre og beskjedne. Difor overlet vi til dykk som foreldre å avgjere kva borna greier/ikkje greier. Spesielt i dei yngste aldersklassene (7-10 år) må minimum ein som barnet kjenner godt bu/vere i omgjevnadene. Nødvendigvis ikkje fysisk tilstades på aktivitetsarenaen, men dersom vi ser det er behov kan vi få tak i deg rimelig raskt. 


Opningsdagen (måndag ettermiddag) startar med innregistrering på Stryn Stadion, og heile/deler av utstyrspakken blir utlevert. PS!! I denne innregistreringsperioden kan det verte litt ventetid fram til den offisielle opninga. Husk difor mat og drikke!! 

Deltakarane får utlevert ein programoversikt. 


Deretter er opningsdagen slutt.
Vel møtt til ein spanande dag 2, sjå utlevert program!
         

Overnatting deltakarar  

Alle deltakarar som ønskjer overnatting må sørge for dette sjølve.  
Nyheter
Flere nyheter